Nord-Aurdal Sanglag - KOR i all verden

KOR i all VERDEN er Nord-Aurdal sanglag første helga i mai?

Jo i kulturhuset på Fagernes med årets forestilling. No har det gått to år sidan Evert Taube- «Min ælskling» og det er på tide å lukta på sagmuggen att. Vårens forestilling «KOR i all VERDEN» er musikk frå 50-90 talet på 90 minutt, bli med koret og «Danse mot vår». Du treng ikkje gå «Mil etter mil» for å høyra bra musikk og drøyma deg bort. Saman med oss i koret «Can you feel the love tonight». Kanskje tenkjer du; «Hei Knut», «Jag har bott vid en landsveg» og «I mitt liv» har eg høyrt mykje bra musikk, og kva song du vil lika best er det «Einast du som veit». Du blir servert musikalske godbitar frå inn- og utland kokt saman av NASL, ispedd minikor og solistar frå korets eigne rekker og krydra med firemanns orkester. «Det går på skinner» gjennom Valdres-»Dalenes perle» før me tek steget ut i den store verda. «Ryktet forteller» at Elvis kjem, saman med BoneyM, og ABBA for å nemna nokon. Det er berre to forestillingar så skaff deg bilett, «It's now or never».

Billettpriser kr 275 for voksne og barn/ungdom (tom 15 år) kr 150.

_
_
_