Valdres barne- og ungdomsteater - Trollmannen frå Oz

Valdres barne- og ungdomsteater ynskjer velkomen til det magiske landet Oz!

I den evige klassikaren Trollmannen frå Oz møter vi Dorothy, som bur med onkelen og tanta
si i Kansas, der ho drøymer om ei betre verd på andre sida av regnbogen. 

Og då ein orkan tek henne og hunden Toto med seg, er det nett på andre sida av regnbogen dei
hamnar, i det magiske landet Oz! Her startar det store eventyret med hekser og
alvar og magiske sko. For å kome heim til Kansas må Dorothy oppsøkje den
mystiske Trollmannen av Oz. På reisa si til Smaragdbyen møter dei eit
fugleskremsel utan hjerne, ein blikkmann utan hjarte og ei løve utan mot. Alle
vil søkje hjelp hjå trollmannen, men først må dei kjempe mot vonde hekser og
lumske farar, men fyrst og fremst må dei finne at trua på seg sjølv og andre. 

Det er første gong Valdres barne- og ungdomsteater viser ein så krevjande musikal.
Dette vågar vi å gjere fordi vi har dedikerte og dyktige skodespelarar, ein entusiastisk

instruktør og eit ihuga hjelpeapparat. 

Trollmannen frå Oz er ein av dei store klassikarar som samlar publikum på tvers av generasjonar.  

I rolla som Dorothy finn vi Emilie Ødegaard Sæthre som har gjort fleire store
roller saman med oss og i Ung i Valdres. Ho har tidlegare gjort suksess både
som Klatremus i Hakkebakkeskogen og Sultan i Aladdin. Anica og resten av
gjengen lovar publikum ei fargerik reise over regnbogen for eit eventyrlystent
publikum! 

Passar for barn frå 5 til 100 år. 


Billetter til Valdres barne- og ungdomsteater - Trollmannen frå Oz

Vis hele programmet
_
_
_